Sponsorpakkar

Om ein vil støtte “Ringar i vatnet”, ta kontakt med Vestnes teaterlag på post@ringarivatnet.no. Ein kan sjølvsagt sjølv velge kor stor sum ein ønskjer å bidra med. Men, vi har laga nokre sponsor-pakkar, som kan være eit utgangspunkt. Vi har fleire val:

  • Generalsponsor: 200.000,- eller meir: 
    Motyting etter nærare avtale, i tillegg til logo presentert på hovudplakat og program.

  • Gullsponsor: 100.000,- eller meir:
    Bedrifta vil få ein sentral plass i programmet. Bedrifta vil få ein «gullplakat» designa av Tarjei Rypdal Eide. I tillegg får dei 10 billettar de kan nytte fritt (til verdi ca.5000,-).

  • Sølvsponsor: 50.000,- eller meir:
    Bedrifta vil få sin logo med i programmet og ein «sølvplakat» designa av Tarjei Rypdal Eide. I tillegg får dei 5 billettar de kan nytte fritt (til verdi ca 2500,-).

  • Bronsesponsor: 20.000,- eller meir:
    Bedrifta vil få plass i programmet, og ein «bronseplakat» designa av Tarjei Rypdal Eide. I tillegg får dei 2 billettar de kan nytte fritt (til verdi ca 1000,-).

  • Valfritt beløp:
    Bedrifta vil få plass i programmet, og ein plakat designa av Tarjei Rypdal Eide.