Ringar i vatnet

Musikalen Ringar i vatnet av Rolf Magnus Orø vart ein enorm suksess etter urpremieren hausten 2025. Kritikarane lovorda framsyninga som «den største kulturhendinga i manns minne» og eit «musikalsk meisterstykke», og publikum har sidan spurt: Når kjem neste sjanse? No er Vestnes teaterlag og Søblomsten shantykor klare for ny oppsetting i Vestneshallen 8.–11. oktober.

Kvifor satse på nytt?

Suksessen talar for seg: Ringar i vatnet gjorde furore ved urpremieren hausten 2025 – og forventningane til årets oppsetting er høgare enn nokon gong. No løftar vi produksjonen vidare.

Med vidareutvikla manus, ny musikalsk driv og oppgradert scenisk uttrykk, får publikum ei framsyning som både byggjer vidare på suksessen – og overraskar på nytt. Dette er ikkje berre ei reprise, men ei forsterka oppleving.

Årets oppsetting fell og saman med ei heilt spesiell hending: Året då Søblomsten blei sjøsett. Det gir historia ekstra kraft. Musikalen tek oss inn i livet til båtbyggjaren Lars Jensen Hammeraas – ein pioner som sette djupe spor i både lokalsamfunnet og regionen. Historia er lokal – men krafta av «ringane i vatnet» er universell.

På scena møter publikum eit sjeldan sterkt ensemble: Vestnes teaterlag, Søblomsten shantykor, og engasjerte lokale utøvarar i alle aldrar – side om side med profesjonelle songarar som Joakim Bjermeland, Hallvar Djupvik og Marit Ellen Lund. Det same erfarne orkesteret frå i fjor er tilbake, og løftar produksjonen musikalsk. Med profesjonelle aktørar bak lys- og lyd ligg alt til rette for ei sterk oppleving.‍ ‍