Aktørane

Vestnes teaterlag - frå første gjennom lesing av manus til Ringar i Vatnet

Vestnes teaterlag - og gode venner 
Teaterlaget kan i 2025 feire sitt 40-årsjubileum! Gjennom dei åra laget har eksistert, har dei satt opp ei lang rekke teaterstykker, musikalar og revyar. Mellom anna kan nemnast Ungen, Store lille Theodor, Vestnespresten, Sommer i Tyrol, Bør Børson jr, Spelemann på taket, Historier langs postvegen mm. Ringar i vatnet er teaterlagets største oppsetting til no.
I tidlegare prosjekt har teaterlaget gjerne samarbeida med andre teatermiljø og ulike kor. I Ringer i vatnet deltar det skodespelarar frå Romsdalsnes revylag, Tresfjord Ungdomslag si revygruppe, Raumarevyen og Shantykoret Søblomsten. Det er og med ei herleg gruppe med ungar/ ungdommar.

Foto er frå øvingar av “Ringar i vatnet”.

Søblomsten shantykor
I 1864 vart det, på Helland i Vestnes, bygd ein jaktegaleas som fekk namnet «Søblomsten». Etter 117 år kom «Søblomsten» attende til Vestnes.

200 meter frå der han var bygd blir den i dag restaurert attende til si opphavelege form og stand.

Søblomsten Shantykor vart etablert i 2023 som eit ledd i å heidre båtbyggarhistoria i Vestnes, den gamle skuta og arbeidet som blir gjort med å få den på sjøen att. 

Koret vart umiddelbart veldig populært, med venteliste for å få være med. Dei har etterkvart blitt eit ettertrakta kor til ulike type arrangement. Mellom anna har dei samarbeid med operasongarane Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert ved fleire høve.

Knut Olav Skrove er dirigent for koret.

Rolf Magnus Orø
Rolf Magnus  er forfattar, komponist og regissør av Ringar i vatnet.  Han har skrevet ei lang rekke teaterstykker og tilhøyrande musikk, mellom anna til KOLON musikkteater som turnerte i vidaregåande skular i 29 år. Han har og skrevet ein del andre teatermanus til ulike grupper, vandreteater-stykket “Historier langs Postvegen”.  Dette var eit bestillingsverk av Vestnes kommune, i samarbeid med Vestnes teaterlag.
Rolf Magnus har hatt regi på ei lang rekke musikalar / teaterstykker, mellom anna i samarbeid med Vestnes teaterlag.
Rolf Magnus har sia 2006, drevet ungdomnsprosjektet Lærlingan / G-gjengen, der fleire av aktørane i Ringar i vatnet har vore med i Lærlingan, mellom anna Knut Marius Djupvik, Kristian Frostad, Jørn Inge Frostad og Mathea Eiken Faksen. 

Knut Marius Djupvik
Knut Marius er kanskje mest kjent for å ha vunnet både The Voice og Stjernekamp. Han har og vore vokalist i det Molde-baserte bandet Red Hot i ei årrekke. Han er ein ettertrakta vokalist, og blir hyra inn til ei lang rekke konsertar i samarbeid med ulike orkester. 
Knut Marius har gjekk musiklina på Molde vgs og der fekk han spele ei av hovudrollane i HAIR. Gjennom "Lærlingan” fekk han og ulike oppdrag som musikalsk statist på Teatret Vårt, og etterkvart større rollar mellom anna ved Rogaland teater si oppsetjing "Teaterkonsert Mozart”.  
I “Ringar i vatnet” skal han spele tittelrolla Lars Jensen Hammeraas.

Foto: Fred Johnny

Hallvar Djupvik
Hallvar forsto at han måtte bli operasonger då han fekk rolla som Judas på Molde vgs si oppsetjing “Jesus Christ Superstar”.  Han studerte ved Operaakademiet i København. Etter endt utdanning har han vore solist ved Den Norske Opera og Ballett, spelt gitar og vore songar i mange band og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musikar i Oslo.
I 2020 flytta han heim til Tomrefjord og starta TIMBRE AS saman med sin kone Stephanie Lippert, som og er profesjonell operasongar.
I Ringar i vatnet skal Hallvar fylle rollane som kyrkjesongar og lærar Peder Skjegstad og Amerikabåtagent Larsen.

Knut Olav Skrove leiar bandet. Han er og dirigent for Søblomsten Shantykor. Han har ansvar for innøving av songane i Ringar i vatnet. I tillegg spelar han både piano og trekkspel. HAn har hatt musikalsk ansvar i ei lang rekke konsertar, revyar og musikalar.
Han er ein sjølvskreven mann i mange samanheng når teaterlaget eller revygrupper trenger ein bandleiar!

Jo Inge Nes er perkusjonist / trommeslagar. Han har vore tilsett i Møremusikarane i ei årrekke og spelt eit utall ekke konsertar både i Møre og Romsdal og ellers i Noreg.  Han har lang erfaring med musikalar, mellom anna Lady Arbuthnott, både som musikar og produsent. 
Han er nyleg tilsett som dagleg leiar for det historiske spelet “Elden” på Røros.

Halvor Hovden trakterar både el.bass og kontrabass. Han har vore fast musikar i ei lang rekke konsertar, revyar og musikalar i Vestnes. 
I tillegg skal han være songar/aktør som “auksjonarius” i Ringar i vatnet.

Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Britt Elise Skram folkemusikar med fele som hovud-instrument. Ho har dei siste 20 åra jobba som kulturskule-lærar og frilansmusikar.
Skram er aktiv i folkemusikkmiljøet i Møre og Romsdal, men er også ein godt kjent spelemann i resten av landet. Ho er mellom anna kjent for god dansetakt, spretne springarar og rundvalsar som rullar bortover golvet.

Foto: Josefine Rødal Tomren

Kristina Farstad Bjørdal er ein av få som har klassisk utdanning på akkordion, betre kjent som trekkspel. I dei seinare åra har ho hatt ulike folkemusikkprosjekt, mellom anna saman med Britt Elise Skram. Ho / dei har utmerka seg i konkurransen med andre folkemusikarar!

Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Gaute Skrove er jazzmusikar. Han er og ein dreven teater-musikar frå fleire oppsetjingar mellom anna i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Han har vore fast musikar ved Vestnes Teaterlag sine musikalar. Han gjorde mellom anna ein framifrå jobb som spelemann i Spelemann på taket.

Foto: Thor Egil Leirtro

Kristian Frostad har si utdanning som musikar frå Universitet i Agder, på lina for utøvande musikk- rytmisk. Han spelar gitar, steelgitar, banjo mm. Han var både musikar og vore med-produsent på den Spelemannspris-nominerte plata “Papersky” med Nora Legrand. 

Foto: Kjetil Hardy