Aktørane
Vestnes teaterlag
Teaterlaget kan i 2025 feire sitt 40-årsjubileum! Gjennom dei åra laget har eksistert, har dei satt opp ei lang rekke teaterstykker, musikalar og revyar. Mellom anna kan nemnast Ungen, Store lille Theodor, Vestnespresten, Sommer i Tyrol, Bør Børson jr, Spelemann på taket, Historier langs postvegen mm.
Ringar i vatnet er teaterlagets største oppsetting til no.
Foto er frå ei tidleg øving av “Ringar i vatnet”.
Søblomsten shantykor
I 1864 vart det, på Helland i Vestnes, bygd ein jaktegaleas som fekk namnet «Søblomsten». Etter 117 år kom «Søblomsten» attende til Vestnes.
200 meter frå der han var bygd blir den i dag restaurert attende til si opphavelege form og stand.
Søblomsten Shantykor vart etablert i 2023 som eit ledd i å heidre båtbyggarhistoria i Vestnes, den gamle skuta og arbeidet som blir gjort med å få den på sjøen att.
Rolf Magnus Orø
Rolf Magnus er forfattar, komponist og regissør av Ringar i vatnet. Han har skrevet ei lang rekke teaterstykker og tilhøyrande musikk, mellom anna til KOLON musikkteater som turnerte i vidaregåande skular i 29 år. Gruppa spelte (med ulike aktørar) 3556 framsyningar for totalt 814.000 publikummarar. Han har og skrevet ein del andre teatermanus til ulike grupper, vandreteater-stykket “Historier langs Postvegen”. Dette var eit bestillingsverk av Vestnes kommune, i samarbeid med Vestnes teaterlag.
Rolf Magnus har hatt regi på ei lang rekke musikalar / teaterstykker, mellom anna i samarbeid med Vestnes teaterlag.
Knut Marius Djupvik
Knut Marius er kanskje mest kjent for å ha vunnet både The Voice og Stjernekamp. Han har og vore vokalist i det Molde-baserte bandet Red Hot i ei årrekke. Han er ein ettertrakta vokalist, og blir hyra inn til ei lang rekke konsertar i samarbeid med ulike orkester.
Knut Marius og Rolf Magnus har samarbeid over fleire år, mellom anna i musikalen HAIR, der Knut Marius hadde rolla som den rebelske George Berger og Rolf Magnus hadde regi. Dei har og jobba saman i musikkteater-gruppa Lærlingan med ei lang rekke konsertar og musikalen “Heit sommar!”. Lærlingan er eit ungdomsprosjekt som Rolf Magnus starta då han jobba på Teatret Vårt.